Aukrust, Marie
Marie Aukrust (f.1953) er biolog, cand. scient. frå NTNU. Ho er lektor og òg spesialpedagog, har undervist på ulike nivå og arbeidd i institusjonar og organisasjonar. Frå verksemd knytt til miljø- og utvikling, er Aukrust oppteken av at sosial og økologisk berekraft må sjåast i samanheng. Opphald i Asia, med ein økologisk ekspedisjon i Nepal og i regnskogar på Sri Lanka, dessutan hjelp- til sjølvhjelpsarbeid, har bidrege til eit særleg blikk på matforsyning og rettferdig ressursforvalting.