Grepstad, Ottar
Ottar Grepstad (fødd 1953) frå Jølster er forfattar, språk- og litteraturvitar. Frå debuten i 1974 har han gitt ut over 60 bøker om historie og politikk, retorikk og skriftkultur. I tillegg til mange hundre foredrag har han vore journalist, spaltist, tidsskriftredaktør og leksikonredaktør. Han har vore forleggjar i Samlaget, bygt opp Nynorsk kultursentrum, vore styreleiar i Språkrådet og rådsmedlem i Kulturrådet. I 1999 fekk Ottar Grepstad Norsk språkpris for framifrå sakprosa frå Norsk språkråd for Det litterære skattkammer, og i 2018 blei han utnemnd til riddar 1. klasse av St. Olavs orden for sin innsats for å fremje nynorsk språk, litteratur og skriftkultur.
Foto: Sara Olivia Berntsen