OBS! JULESTENGT NETTBUTIKK: Bestillinger registrert etter 16. desember sendes den første uka i 2025.

Kjopesenterweb
Pris:
323.00
Førpris: 369.00
ISBN:
9788282651448
Status:
Utgitt år:
2017
Innbinding:
Innbundet
5
ISBN: 9788282651448
Status: I salg

Ronny Spaans

KJØPESENTER­LANDET

PLANLAUS NORSK STADUTVIKLING

«Boken til Ronny Spaans er en real kilevink: Våkn opp, folkens! […] De fleste leserne vil finne eksempler de kjenner godt, som utløser sterke følelser. […] Om dette ikke er en kosebok er den umåtelig interessant med høy slukefaktor. Hvordan er det mulig at så mye ødeleggelse får finne sted innenfor lovlige rammer?»

Mette Hofsødegård, AFTENPOSTEN

Noreg har eit ekstremt forhold til kjøpesenter. Vi har det største talet kjøpesenterkvadratmeter per innbyggjar i Europa. Fordelar vi talet kvadratmeter til innbyggjarane i landet, vil kvar innbyggjar få nesten éin kvadratmeter kvar. Nestemann på lista, Sverige, har halvparten så mange kjøpesenterkvadratmeter som oss. Samtidig er vi det landet med fleste bilbaserte kjøpesenter utanfor bysentrum. Det samla salsarealet til kjøpesenter i Noreg har i tillegg nærast dobla seg på ti år. Ein vedvarande katastrofe, kallar ekspertar denne trenden, for kjøpesenterutviklinga fremjar bilbruk og hindrar mjuke trafikantar og kollektivtrafikk.

Journalist og forfattar Ronny Spaans har besøkt 34 byar og bygdebyar teke denne utvikling på pulsen. Han har òg undersøkt andre trendar i stadutviklinga som skaper debatt: utbygging av kulturhus og sjøsider.

Noreg er i ein av dei største arkitektoniske omformingsprosessane i historia. Diskusjon om fjordbyen Oslo har vore framme i riksmedium. Men debatten om stadutvikling på mindre stader har det vore stilt om. Ikkje eingong utviklinga av den nye bydelen i Trondheim, Brattøra, har vore diskusjonstema.

Denne boka går inn på desse trendane og viser at det er all grunn rope varsku, for utviklinga gjer noko med Noreg. Vi er i ferd med å misse den tradisjonelle norske bygdebyen, slik vi kjenner han – ei samling av småskala, intime trehusgater.

«Den grunnleggende kritikken i boken er kjent i fagkretser, men ikke nødvendigvis bredt i offentligheten og lokalpolitikken. Derfor er denne boken nødvendig.»

Peter Hemmersam, Arkitekur N

Forfatter(e)