Hjem / Alle bøker / Der villgraset gror
livsgrunnlaget, matforsyninga og beredskap for nye tider
Av
249 kr
«Når krubba er tom, bitst hestane», heiter det. Risikerer vi ei matkrise, som knapp kornforsyning og vanskar med kornimport? Vi ser på mat som forbruksvarer, vi kjøper og kastar overfloda. Vi produserer mat lausriven frå arealgrunnlaget. Vil vi fortsetja slik, og la landet gro att?
Kva inneber sosial og økologisk berekraft? Aukrust vil styrkje det allsidige familiejordbruket, med balanse i ressurskrinsløpet. Frå fjord til fjell kan vi nytte utmark ueigna til dyrking av menneskemat til beite, og auke matplanteproduksjonen og sjølvforsyninga. Eit framtidsretta jordbruk i livskraftige lokalsamfunn handlar om samfunnstryggleik for alle. Beredskapsplan for mat, korn, såvarer og fôr, som del av ein nasjonal beredskaps- og kriseplan, står ikkje i motsetning til internasjonal handel og samarbeid.
Kvifor svelt 821 millionar menneske, sjølv med nok mat i verda? Industrijordbruket står for urettferdig fordeling av jord og makt. I tiår har vi overskride jorda si toleevne. For å tryggje matforsyninga framover, oppmodar FN kvart land frå styresmakter til lokalsamfunn til enkeltindivid å ta hand om fruktbar jord, naturmangfald og klimaomsyn. Det er naudsynt med omfattande systemskifte og endringar i levevis.
Forfattaren vender seg til den allmene lesar, og tek opp sentrale tema omkring livsgrunnlag, levevis og matproduksjon.
Format
Mykperm
Utgivelsesdato
02-09-2020
Kategorier
Språk
Nynorsk
Forlag
Dreyer
ISBN
9788282655156
Status
På lager
Utsolgt
Midlertidig utsolgt
Kommer snart
Oversetter
Originaltittel
Antall sider
249 kr